Skattedebatt på næringskonferansen søre sunnmøre
SKATTEDEBATT: Skatt var tema under Næringskonferansen Søre Sunnmøre i fjor, og blir det også i år: Biletet er frå fjorårets pandeldebatt. Lengst til venstre, ordstyrar Heidi Nakken, Hans Andreas Limi (Frp), Alfred Bjørlo (V), Terje Bøe (Spilka), Jan Endre Vartdal (Vartdal Plast), Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Kari Elisabeth Kaski (SV). Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Skatt og handelskrig på næringskonferansen

Advokaten som skal føre saka mot staten om formuesskatten, kjem til konferanse på Sunnmøre.

05.02.2025

Jan Magne Langseth skal leie gruppesøksmålet mot staten, der Ørsta-investor Lars Oscar Øvstegård vil utfordre staten på om det er formuesskatten er grunnlovsstridig. 

På Næringskonferansen Søre Sunnmøre  10. april skal Langseth orientere om status i prosessen mot staten, og vurdere kva som kan bli konsekvensen av ei rettsak. Han blir eitt av trekkplastra på konferansen i Ørsta som blir arrangert for 12. gang i år. 

Saman med tidlegare statsråd Ketil Solvik Olsen (Frp) - no i kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese, NHH-professor Ola Honningdal Grytten og Espen Remme i Aksjon for Norsk Eierskap, skal Langseth delta i eit ekspertpanel på konferansen. 

Her blir det analyser om endringar og utvikling i internasjonal politikk - og korleis dette slår inn og påverkar Noreg. 

Medrekna konferansier Truls Svendsen, skal ti personar halde innlegg på konferansen, ni menn og ei kvinne. 

Les programmet her (ekstern lenke)

Publisert: 05.02.2025 14:08

Sist oppdatert: 05.02.2025 18:32

Mer om