Måndag blei det kjent at Lars Oscar Øvstegård har fått ein ny toppjurist med på laget i kampen for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital.
Ørstingen har som kjent jobba i lengre tid med å førebu eit søksmål og har fått med seg fleire våpendragarar i kampen.
Med Jan Magne Langseth frå advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig på plass i teamet, er Øvstegård kome eit steg vidare i arbeidet.
Les også
– Vil synleggjere motstanden
Langseth blir omtala som ein av Norges leiande juristar og vil vere den som fører søksmålet i retten som prosessfullmektig.
Med ham på plass er det også klart at Øvstegård vil endre strategi og invitere fleire til å bli med på eit gruppesøksmål.
Langseth fortel at det er fleire grunnar til det, mellom anna at saka vil få meir tyngde.
– Eit gruppesøksmål vil synleggjere motstanden i denne saka på ein klar og tydeleg måte, og vise at det ikkje berre er eit fåtal som har donert pengar til ein enkeltperson, seier han til Nett No.
Med eit gruppesøksmål vil saka også vere enklare å organisere seinare i løpet, påpeiker han.

Inviterer med fleire
I løpet av kort tid vil advokatane til Øvstegård ta dei første rettslege skritta i ein prosess med eit slikt søksmål. Då vil folk også bli invitert til å vere med på søksmålet.
Øvstegård vil likevel vere gruppa sin representant og talsperson, påpeiker Langseth. Han legg til at det ikkje er gitt at domstolen vil godta eit slikt gruppesøksmål.
– Men eg ser ingen openberre grunnar til at dei ikkje skal gjere det, seier han.
– Modig at nokon endeleg tør
Det er eit sterkt juristlag ørstingen har samla til den rettslege kampen mot formuesskatten.
Jussprofessor Mads Andenæs og Carl Baudenbacher, som er den lengstsittande leiaren for Efta-domstolen, og kjent for sitt arbeid med EØS- og EU-rett, utgjer to av dei andre. Også Laura Baudenbacher som er leiar for konkurransetilsynet i Sveits og menneskerettsadvokat, deltek i arbeidet.
Langseth påpeiker at den faglege tyngden, bidrog til at han hadde lyst til å vere med. Han synest også det er på høg tid.
– Eg meiner det er ei sak som har blitt liggande alt for lenge, utan at nokon har teke tak i den. Eg synest det er modig at nokon endeleg tør å forsøke og endre noko som er så øydeleggande for små og mellomstore bedrifter i Norge, legg han til.
Vil legge fram omfattande studie
Lars Oscar Øvstegård og hans allierte la fram det juridiske grunnlaget for korleis dei vil utfordre formuesskatten på arbeidande kapital i haust.
Juristane meiner kort fortalt at auken i formuesskatten kan sjåast på som ei konfiskering av eigedom som er i strid med grunnlova.
Dei påpeiker også forskjellsbehandlinga ved at utanlandske bedriftseigarar slepp å betale formuesskatten. I ein omfattande studie som vil bli gjort tilgjengeleg i samband med søksmålet, gjer juristane greie for arbeidet som ligg til grunn for saka.
– Studien er eit solid arbeid frå nokre av Europas fremste juristar. Den har mange innfallsvinklar, men viser med tydelegheit at det berre er Norge igjen innanfor OECD som har konfiskerande og diskriminerande formuesskatt, avsluttar Langseth.
Publisert: 10.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.01.2025 07:11