Kort fortalt

Skattebetalerforeningen åtvarar mot exit-skatt

Meiner vellykka gründerar vil flytte ut på eit tidleg tidspunkt.

22.05.2024

(NPK-NTB): – Vi trur det er ein reell fare for at dei foreslåtte innstrammingane i exit-reglane reint faktisk vil føre til at vellykka norske gründerar flyttar ut på eit tidleg tidspunkt, og at utanlandske ekspertar i større grad vil vegre seg for å flytte til Noreg for ein kortare eller lengre periode, seier fagsjef Rolf Lothe i Skattebetalerforeningen i ei pressemelding.

Regjeringas forslag inneber at folk må betale skatt på gevinst som har oppstått medan dei har vore busette i Noreg innan 12 år etter at dei har flytta ut. Skatten slår inn når gevinsten er høgare enn 500.000 kroner. Forslaget har fått kritikk fordi skatten må betalast anten gevinsten er realisert eller ikkje.

Tysdag denne veka var det høyringsfrist for forslaget.

Skattebetalerforeningen meiner at det er eit fornuftig utgangspunkt at verdiar opptent i Noreg blir skattlagde i Noreg, men dei er likevel kritiske til fleire av dei foreslåtte endringane.

– Vi meiner uansett at eventuelle endringar i reglane om exit-skatt bør utsetjast til det er grundig greidd ut kva for nokre faktiske effektar endringane kan ha, særleg for verdiskapinga i Noreg i åra framover, seier Lothe.

(©NPK)

Publisert: 22.05.2024 14:48

Sist oppdatert: 22.05.2024 14:48

Mer om