Kort fortalt

Skepsis til sokkelelektrifisering

Fleire fylkesleiarar i Høgre seier nei.

18.02.2022

Fleire fylkesleiarar i Høgre seier nei til at straum frå land skal brukast til å kutte utsleppa på norsk sokkel. Det blir tema på Høgres landsmøte april.

Det har i fleire år vore fleirtal både på raudgrøn og borgarleg side om at elektrifisering kan kutte om lag halvparten av utsleppa frå den norske oljeproduksjonen. I det siste har skepsisen auka, og éi av årsakene er dei høge straumprisane, skriv Klassekampen.

– Eg er veldig kritisk og skeptisk til om det er rett bruk av straum. Energi er ein knapp faktor, og det er eit enormt energibehov i Europa framover. Eg trur vi må sjå på dette på nytt, seier fylkesleiar Geir-Inge Sivertsen i Troms og Finnmark Høgre.

Rogaland Høgre har teke til orde for ein ny gjennomgang av økonomi og lokale og globale miljøeffektar av elektrifisering av sokkelen. Høgre skal ta stilling til forslaget på landsmøtet 2.–3. april.

Fylkesleiar Anne Mari Braut Nese i Rogaland Høgre seier skepsisen til elektrifisering av sokkelen har auka i oljefylket.

– Folk har byrja å bli i tvil om det er rett å gjere dette fordi vi lurer på om det berre flyttar utsleppa til andre stader i verda, seier ho

Meir enn ein firedel av norske klimagassutslepp kjem frå olje- og gassutvinning. Det er alt gitt konsesjon til å elektrifisering av omtrent 20 oljeplattformer i Nordsjøen.

Publisert: 18.02.2022 08:20

Sist oppdatert: 18.02.2022 08:21