(NPK-NTB-Ritzau): Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) har vedteke strengare reglar for utslepp av svovel frå skip.
Dei nye reglane blei vedtekne på eit møte for landa i IMOs miljøkomité i London torsdag. Landa blei einige om at skip ikkje må bruke drivstoff som inneheld meir enn 0,5 prosent svovel.
– Dette vedtaket vil ha store positive gevinstar for miljø og helse. Svovel forårsakar 100.000 for tidlege dødsfall kvart år, særleg i tett folka kystområde i Asia, seier Jan Kjetil Paulsen i miljøorganisasjonen Bellona.
I dag er det tillate med opptil 3,5 prosent svovel i drivstoff til skip. Den nye grensa vil gjelde frå 2020.
Nokre av deltakarane på møtet i London ville utsette innstramminga til 2025, men dette forslaget blei forkasta. Ifølgje Bellona er fleire store norsk reiarlag positive til vedtaket sidan dei allereie har førebudd seg på strengare reglar for svovelutslepp. (©NPK)

Publisert: 28.10.2016 07:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43