I går debatterte Stortinget bygging av Stad Skipstunnel. Det var ein debatt som ikkje etterlet tvil om utfallet av avrøystinga.
I dag vart vedtaket gjort. 86 stemte for og ein representant stemte mot, ifølgje VG.
Den samla kostnadsramma er på knappe 4,1 milliardar, og styringsramma er på 3,45 milliardar kroner, ifølgje den samrøystes innstillinga frå komiteen i Stortinget.
Om alt går etter planen kan skipstunnelen stå klart til bruk i løpet av 2025 eller 2026.
Les også
Publisert: 11.05.2021 16:15
Sist oppdatert: 11.05.2021 16:20