Stad skipstunnel moldefjorden illustrasjon kystverket 11
STARTAR JOBBEN I ÅR: I løpet av året blir arbeidet med skipstunnelen starta opp, etter at det mellom anna er gjort avtale med grunneigarar. Illustrasjon: Kystverket
Nytt

Berre lovord om skipstunnelen

Etter ein fleire tiår lang kamp, var debatten om Stad skipstunnel fort unnagjort. Tysdag kjem vedtaket.

Marius Rosbach
10.05.2021

Stortingspolitikarar frå det eine partiet etter det andre gjekk måndag kveld på talarstolen for å seie kor glade dei er for at Stad skipstunnel no er klar for bygging.

«Ein stor dag» og «ein historisk dag» var truleg dei mest bruke frasane då politikarane skulle beskrive milepålen som blei passert måndag.

Blir vedteke tysdag
Sjølve vedtaket i Stortinget blir ikkje gjort før 15-tida tysdag ettermiddag, men det er venta at det blir samrøystes – som innstillinga frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Likevel er det god grunn til å heise flagget for tilhengarane som har kjempa i årevis for å få gjennomslag for skipstunnelen.

Den samla kostnadsramma er på knappe 4,1 milliardar, og styringsramma er på 3,45 milliardar kroner, ifølgje den samrøystes innstillinga frå komiteen i Stortinget.

Om alt går etter planen kan skipstunnelen stå klart til bruk i løpet av 2025 eller 2026.

Betre tryggleik – men også turistattraksjon
Fleire av politikarane som gjekk på talarstolen i Stortinget, viste til argumenta om betre tryggleik og framkomelegheit.

Andre trekte fram at dei meinte prosjektet også openbert ville bli ein turistattraksjon.

Helge Orten (H) sa at han ikkje var i tvil om at han ville betalt ein god slump pengar for å segle gjennom tunnelen om han kom dit som turist, og fekk vite at det dreia seg om verdas første skipstunnel.

Rekna som eit tapsprosjekt
Reiselivsverdien er likevel ikkje rekna inn i prosjektet.

Dei prissette nytteverdiane er rekna til 650 millionar kroner – der redusert reise- og ventetid saman med redusert forbruk av drivstoff og miljøutslepp utgjer hovudingrediensane.

Det er anslått at prosjektet har ei negativ samfunnsmessig nytteverdi på om lag 2,3 milliardar kroner.

Anslått byggetid og ferdigstilling er anslått å vere fem år i alt. I statsbudsjettet for 2021 vart det løyva 75 millionar i planleggingsmidlar, som gjer at Kystverket allereie er i gang med arbeidet.

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipa og store ringnottrålarar. Det vil seie ei seglingsbreidde på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og seglingsdjup på 8 meter.

Publisert: 10.05.2021 21:16

Sist oppdatert: 11.05.2021 01:07

Mer om