Kort fortalt

Skjerpa plastkrav for bøndene

Vil ha obligatorisk returordning.

13.03.2019
NPK: Miljødirektoratet foreslår å gjera retur av landbruksplast obligatorisk. Det vil ikkje løysa problemet med å få selt plasten, meiner Grønt Punkt Norge, som fryktar for returordninga.
Forslaget frå Miljødirektoratet betyr at bønder må sortera ut plasten og sørga for at han blir levert til gjenvinning, skriv .
Grønt Punkt Norge driv retur av plast på vegner av næringslivet i Noreg og meiner returkravet vil gi stor miljønytte. Det løyser likevel ikkje problemet med å få selt plasten i marknaden, peikar gjenvinningsselskapet på.
Årsaka er at Kina har innført nye, strenge reglar for import av plastsøppel. Dermed blei det meir plastavfall i Europa, og prisen på avfallet fall.
Klima- og miljødepartementet meiner importstoppen har gjort det vanskeleg, men at dei europeiske landa må handtera situasjonen. Statssekretær Atle Hamar (V) seier til avisa at ein ei tid får leva med at plasten blir sendt til energiutnytting i staden for å gå til materialgjenvinning.

Publisert: 13.03.2019 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35