Rekordutbytte for Vassendgutane
POPULÆRE: Vassendgutane markandsførerer seg som eit festcoutnryband, og har hatt eit solid oppsving etter at koronapandemien slapp taket. Foto: Vassendgutane.
Nytt

Høgt nivå frå Vassendgutane

Passerte 20 millionar i inntekt for første gang - og auka lønsemda.

25.06.2025

Koronaåra 2020 og 2021 vart magre for Vassendgutane frå Åmdalen i Ørsta. Men etter at festivalar og konsertar kom i gang igjen, steig inntektene til eit høgare nivå enn før pandemien.

Bandet fekk ein liten vekst også i fjor, og auka lønsemda (sjå tabell under). 

Selskapet med same namn som bandet, må attende til år 2008 for å finne eit år med eit høgare resultat før skatt, målt i kroner.

Fire eigarar
Vassendgutane har fire eigarar, bandmedlemane Rune Ståle Brautaset, Sindre Aam, Ernst O. Brune og Arthur Johan Bjørdal. Dei eig ein fjerdepart kvar.

Etter 2024 tok dei ikkje ut ordinært utbytte, men let overskotet ligge att i selskapet.

Selskapet har ein bokført eigenkapital på 19 millionar kroner, ikkje langsiktig gjeld og 10,5 millionar kroner ståande i banken og eig verdipapir for 5,4 millionar kroner.

Vassendgutane AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt20,119,8
Driftsresultat4,33,9
Resultat før skat5,34,5

Publisert: 25.06.2025 10:39

Sist oppdatert: 25.06.2025 10:23

Mer om