(NPK): Frå 1. august blir det strengare for turistar å fiske her i landet. Målet er å sikre ei meir berekraftig turistfiskenæring.
Dagleg fangstrapportering for turistfiskebedrifter blir no påbydd, det blir innført 12 års aldersgrense for å bruke utførselskvote og det blir strengare krav til utførselsdokumentasjon ved grensepassering.
Fiskeri- og havministeren har vedteke å gradvis redusere utførselskvoten frå neste år. Frå 2026 får turistfiskarane berre lov å ta med ut av landet 15 kilo fisk to gonger i året, og frå 2027 blir kvoten 10 kilo to gonger i året.
– Eg har lytta til turistfiskenæringa, som seier at ein nedjustering frå denne sesongen vil skape stor uvisse for dei og deira gjester. Derfor endrar vi ikkje kvoten i år. Dette meiner eg vil gi næringa god tid til å innrette seg mot å satse på turisme som set fiskeopplevinga i sentrum, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.
(©NPK)
Publisert: 01.07.2025 10:23
Sist oppdatert: 01.07.2025 10:23





