Kort fortalt

Skjerpar skattereglar ved utflytting

Innfører 12 års frist for å betale skatt etter flytting.

20.03.2024

NPK-NTB: Finansdepartementet foreslår endringar i reglane for utflyttingsskatt og vil mellom anna gi tolv års frist på å betale skatt til Noreg.

– Regjeringa vil sikre at verdiar som blir opparbeidde medan ein bur i Noreg, faktisk blir skattlagde her, og at skatten blir betalt, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i ei pressemelding.

– Det er rettferdig og viktig for både tilliten til skattesystemet og fellesskapen. At alle bidreg til fellesskapen gjer det også lettare å kunne halde skattesatsane låge for alle som bur i Noreg. Skatteinntekter bidreg til å vareta grunnleggjande velferdstenester som skule, helse og omsorg, seier han.

Departementet vil at det berre er verdiendringar som har oppstått medan eigar har vore busett i Noreg, som skal skattleggjast.

Eit hovudgrep i forslaget er å avgrense utsetjing med betaling av fastsett utflyttingsskatt til tolv år. Den som skal betale skatten, blir valet gitt mellom å betale skatten omgåande i rentefrie ratar over tolv år, eller ved utgangen av tolvårsfristen med tillegg av renter. Viss skattytaren flyttar tilbake med aksjen innan tolv år, fell kravet bort eller saktten blir betalt tilbake.

Forslaga blir no sende på høyring. Fristen for å sende inn høyringssvar er 21. mai 2024.

Endringane skal likevel gjelde for utflyttingar og overføringar som skjer frå og med i dag.

Publisert: 20.03.2024 09:50

Sist oppdatert: 20.03.2024 09:50