Kort fortalt

Slår alarm om norsk sjømatkonsum

Nordmenn et stadig mindre fisk og sjømat.

26.05.2017
NPK: Dei første månadene i år har heimekonsumet av fersk fisk minka med over 19 prosent frå i fjor. No fryktar Noregs sjømatråd at dette kan bli eit stort folkehelseproblem.
– Det vi ser no er alvorleg og noko som krev handling både frå myndigheitene, daglegvarebransjen og næringa.
Det seier administrerande direktør i Sjømatrådet, Renate Larsen, til eigne . Helsedirektoratets kosthaldsråd er at vi bør ete fisk til middag to til tre gonger i veka.
– Kosthaldsundersøkingar viser at norske barn et for mykje sukker og kjøt. Norske barn et faktisk meir godteri enn sjømat. Det seier det meste om behovet for å få balansert kosthald og spesielt sjømat på agendaen i Noreg, seier Larsen.
Trenden med fallande sjømatkonsum har halde på over lengre tid og har ofte blitt forklart med den såkalla generasjonseffekten. Den eldre generasjonen et meir sjømat utan at dei unge tek over stafettpinnen når dei vert eldre.
Det siste året har derimot den negative trenden akselerert og ferske tal frå 2017 viser at situasjonen er kraftig forverra. Frå 2015 til 2016 fall heimekonsumet av sjømat i Noreg med sju prosent. Første kvartal i år fall konsumet med elleve prosent mot same periode i fjor.
– I tillegg til generasjonseffekten kjem den drastiske utviklinga også mest sannsynleg av ei blanding av pris, synlegheit og tilgjengelegheit, meiner Larsen. Ho vil ha betre synlegheit for sjømat i butikken og i mediebiletet.
Helseminister Bent Høie har sagt at myndigheitene skal jobbe for 20 prosent auke i konsumet av sjømat, grove kornprodukt, frukt og grønt innan 2021.

Publisert: 26.05.2017 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41