rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Slapp ikkje unna millionerstatning

Ulstein-selskap bad om fritak etter manglande svar til retten.

Marius Rosbach
26.11.2024

Constructer Bygg As nådde ikkje fram i Møre og Romsdal tingrett med eit krav om gjenoppfrisking, ifølgje ei avgjerd frå domstolen. 

Ei nyleg fråværsdom om erstatning på drygt 1,4 millionar kroner til eit enkeltpersonføretak på Notodden, blir difor ståande. 

Saksøkaren meinte Constructer Bygg  hadde misleghalde ein avtale i samband med levering av eit elementhus i løpet av 2023 på Notodden. 

Før dommen hadde Constructer Bygg ikkje gitt eit tilsvar til retten innan fristen, og heller ikkje i ettertid. 

I den nye dommen frå tingretten kjem det fram at selskapet forklarar det manglande svaret med at dei er involvert i fleire tvistar og at fleire dokument er forkynt undervegs. 

Selskapet hevda også at det er fleire feil i den førre dommen. 

Retten meiner brevet selskapet fekk frå tingretten var tydeleg både på kva saka gjaldt og kva frist som var sett. Om selskapet har fleire tvistar og handtere, meiner retten at det er dei sjølv som er til å klandre, om brevet er forveksla, eller misforstått. 

Tingretten gir difor ikkje oppfrisking i saka, og Constructer Bygg må i staden betale 12.500 kroner i sakskostnader. 

Publisert: 26.11.2024 10:06

Sist oppdatert: 26.11.2024 10:06

Mer om