(NPK-NTB): Onsdag vart skattelistene for fjoråret publiserte hjå Skatteetaten. Slik sjekkar du kven som har søkt på deg.
For å søkja i skattelistene må ein logga seg inn på Skatteetatens nettside.
– Søka er ikkje anonyme, og det blir loggført kven du har søkt på i skattelistene slik at du kan sjå kven som søkjer på deg. Innlogging gjer òg at me kan avgrensa kor mykje informasjon ein enkeltperson kan henta ut frå listene, seier divisjonsdirektør Regine H. Vastvedt i Skatteetaten.
Dersom du er innlogga på Skatteetatens nettside, kan du gå inn på «søkjehistorikk» og sjå kven som har lese skatteopplysningane dine, forklarer Vastvedt.
Ein får sjå namn, fødselsår, postnummer og poststad på den som har søkt og tidspunktet for søket. Lista blir oppdatert ein gong i timen.
– Tala våre viser at det framleis er stor interesse for skattelistene. Sidan listene i fjor vart publiserte, er det gjort omtrent 1,5 millionar søk. Dette er eit tal som har vore stabilt dei siste åra, seier Vastvedt.
Også media kan søkja om tilgang til skattelistene. Per onsdag hadde rundt 200 medium søkt om og fått tilgang til skattelistene for inntektsåret 2024.
(©NPK)
Publisert: 03.12.2025 09:32
Sist oppdatert: 03.12.2025 09:32





