Slit med datatryggleik
Rapport: Hundretusenvis av norske arbeidstakarar slit.
Fleire hundre tusen norske arbeidstakarar meiner dei sjølv i lita grad greier å handtere ei totrinnsstadfesting, viser ein ny rapport frå Norsis.
Mellom 7 og 11 prosent av alle dei spurde nordmennene over 18 år oppgir ifølgje rapporten at dei i liten eller svært lita grad meistrar å skru på totrinnsstadfesting.
Dei svarer òg at dei i lita grad sjekkar om det er trygt å opne ein e-post eller ei nettside. Samla utgjer denne gruppa fleire hundre tusen norske arbeidstakarar.
– Berre dei siste vekene har vi sett ei rekkje større dataangrep mot norske verksemder. Det er ein potensielt stor trussel at så mange tilsette ikkje har fått tilstrekkeleg kunnskap til å meistre dei aller viktigaste tryggingstiltaka som kan stoppe dette, seier administrerande direktør i Norsis, Lars-Henrik Gundersen.
Trass den auka risikoen for at norske arbeidsplassar vil bli utsette for digitale angrep, viser ein Norsis-rapport frå i fjor at andelen nordmenn som har fått organisert opplæring i datatryggleik, har stått nærast stille dei siste åra.
24 prosent oppgir at dei har fått opplæring dei siste to åra. Andelen er lågast blant kvinner og dei over 55 år.
– Dei kriminelle vil alltid søkje den enklaste vegen inn til verdiane i ei verksemd, som til dømes å utnytte manglande digital kompetanse hos tilsette eller for dårlege rutinar, seier Gundersen.
Publisert: 13.01.2022 12:54
Sist oppdatert: 13.01.2022 12:55