Kort fortalt

Slutt for Au pair-ordninga

Au pairar får to års frist til å reise heim.

14.02.2024

NPK-NTB: Au pair-ordninga blir fjerna omgåande, opplyser stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) til TV 2.

Au pairar som allereie har kontrakt i Noreg, får ein frist på to år til å avslutte forholdet og reise heim.

I mars i fjor vart det kjent at eit forslag om å skrote ordninga skulle sendast på høyring.

Publisert: 14.02.2024 17:51

Sist oppdatert: 14.02.2024 17:51