Kort fortalt
Slutt for Molde-butikk
Joker på Årølia legg ned.
Marius Rosbach
08.02.2022
Allereie halvanna år etter butikkfirmaet blei starta opp, melder Årølia Handel oppbod. Det kjem fram i ei kunngjering frå Brønnøysundregistera.
Joker-butikken blei starta sommaren 2020, og fekk inn fleire lokale investorar ved oppstarten
Drifta i oppstartsåret gjekk med meir enn 400.000 i underskot, av i omsetning på 1,8 millioner kroner.
Rekneskapen for 2021 er ikkje tilgjengeleg, og måndag opna Møre og Romsdal tingrett konkursbehandling i selskapet.
Øyvind H. Meisingset er bustyrar i saka og første skiftesamling er 18. mars.
Publisert: 08.02.2022 15:16
Sist oppdatert: 08.02.2022 15:17