Kort fortalt

Slutt for Molde-butikk etter 20 år

Melde oppbod etter underskot.

Marius Rosbach
02.05.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet som har stått bak klebutikken Street One på Moldetorget.

Selskapet Ellas As blei starta i 2003 og omsette dei første åra for 6-7 millionar kroner.

Dei siste åra har butikken omsett for kring 2,5 millionar kroner. Den siste offentlege rekneskapen er frå 2021, og viste eit lite underskot.

Bustyrar er Ragnhild Camilla Pedersen og første skiftesamling er planlagd 13. juni.

Publisert: 02.05.2023 15:23

Sist oppdatert: 02.05.2023 15:23

Mer om