Kort fortalt

Slutt for røyrleggjarbedrift

Giske-firma melde oppbod.

Marius Rosbach
18.01.2023

Rørleggermester Furth er konkurs etter at selskapet melde oppbod.

Gjelda i det Giske-registrerte røyrleggjarselskapet skal vere på kring 200.000 kroner, ifølgje papira frå Møre og Romsdal tingrett. Det har vore éin tilsett i firmaet, men verksemda er no stoppa.

Selskapet blei starta i 2020, og hadde ei omsetning på kring 3,4 millionar og god lønnsemd i 2021.

Bustyrar er Axel Villads Lange og første skiftesamling er 13. februar.

Publisert: 18.01.2023 08:54

Sist oppdatert: 18.01.2023 09:47

Mer om