Kort fortalt

Slutt med lensmann

No heiter det politistasjonssjef.

30.04.2021

Tittelen lensmann vil ikkje lenger bli brukt i Noreg. Regjeringa har vedteke å erstatte han med det kjønnsnøytrale politistasjonssjef.

I tillegg blir omgrepa erstatta «lensmannsdistrikt» og «lensmannskontor» til høvesvis «politistasjonsdistrikt» og «politistasjon», skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Lensmannstittelen har ei lang historie i det norske samfunnet. Stortingets avgjerd om kjønnsnøytrale titlar har likevel gjort det nødvendig å finne eit nytt namn på denne funksjonen, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

– Politistasjon er eit godt innarbeidd omgrep, og eg er sikker på at politistasjonssjef er ein naturleg og forståeleg tittel for publikum, seier Mæland.

Publisert: 30.04.2021 12:01

Sist oppdatert: 30.04.2021 12:02