Kort fortalt

Slutt på torskekrangel

Torskekrangelen mellom Noreg og EU er over

28.04.2022

Noreg og EU har vore usamde om torskekvoten for fiskevernsona ved Svalbard, men har no komme til ei forståing, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

– Torskekvoten for 2022 vil vere på 19.636 tonn, som er innanfor den tradisjonelle tredjelandskvoten i fiskevernsona, opplyser departementet.

Krangelen oppstod som følgje av at Storbritannia gjekk ut av EU.

Noreg bestemde då å justere ned EUs kvote for å gi ein del av kvoten til britane. EU fekk ein kvote på 17.885 tonn torsk, noko dei var sterkt usamd i, og gav seg sjølv ein kvote på 28.431 tonn.

No har altså Noreg og EU avslutta kranglinga.

Noreg skulda for diskriminering

I fiskevernsona ved Svalbard skal Noreg åleine tildele torskekvotar, medan EU i samråd med Noreg fastset reguleringar i internasjonalt farvatn, inkludert Barentshavet og Norskehavet.

Det gjeld fiske etter torsk, hyse, uer og blåkveite, og både for direktefiske og som bifangst.

Torskekrigen har ikkje vore udramatisk. EU skulda i 2021 Noreg for systematisk og tilsikta diskriminering i Svalbardsona, medan Noreg på si side meinte at EU måtte ha misforstått Svalbard-traktaten.

Møtest i Tromsø

– Eg er glad for at vi no har fått på plass ei forståing. Vi har hatt gode samtalar, og eg vil rose EU. Dette viser at dei er ein nær og god samarbeidspartnar, som meiner alvor når det gjeld berekraftig havforvaltning, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

EUs fiskerikommissær Virginijus Sinkevičius seier i ei fråsegn at han ser fram til vidare samarbeid med Noreg, og til å møte Skjæran på konferansen Arctic Frontiers som blir halden i Tromsø 8.–11. mai.

Publisert: 28.04.2022 15:49

Sist oppdatert: 29.04.2022 06:10

Mer om