Kort fortalt

Slutt på å betala dusør for niser

Har hittil betalt 1.000 kroner per nise.

14.10.2016
(NPK): Frå 15. oktober stoppar Havforskingsinstituttet den tidlegare dusør-utbetalinga dei har lova ut for niser som blir tekne som bifangst.
Det var tidlegare i haust at instituttet kunngjorde at dei ville betala 1.000 kroner i dusør for kvar nise som blei teken som bifangst i garn eller andre typar fiske.
Grunnen var at havforskarane ville finna ut meir av kva rolle nisene spelar i økosystemet. No har dei fått nok niser til å gjennomføra kartlegginga.
– Det er levert bortimot 70 niser frå Rogaland i sør til Vest-Finnmark i nord, seier havforskar Ulf Lindstrøm til
Han fortel at det no skal takast omfattande prøvar av nisene for å finna ut kva nisene et, korleis dei blir påverka av miljøgifter, kva som skjer med dei når det oppstår endringar i økosystemet og så vidare.
Lindstrøm meiner desse undersøkingane vil vera nyttig for fiskarane fordi dei kan gje betre dokumentasjon om kor utbreidd utilsikta bifangst av den vesle småkvalarten er. Ifølgje Havforskingsinstituttet blir det kvart år teke rundt 3.000 niser som bifangst i ulike typar fiske, først og fremst garn. (©NPK)

Publisert: 14.10.2016 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44