Kort fortalt

Sluttpakkar hos Ekornes

Tilbod til alle over 62 år.

17.01.2024

Ekornes-konsernet tilbyr sluttpakke til sine tilsette over 62 år i Noreg i samband med kostnadskutta i konsernet.

Opp mot 80 tilsette blir permittert på grunn av fall i etterspørselen.

– Tilbodet om frivillig avgang vil vere ope for medarbeidarane våre gjennom heile 2024. Vi er naturlegvis bekymra for å miste viktig kompetanse, men det har vore eit ønske frå våre tilsette om å få denne moglegheita, seier konsernsjef Tine Hammernes Leopold til avisa Nyss.

Publisert: 17.01.2024 08:04

Sist oppdatert: 17.01.2024 08:04