Tine Hammernes Leopold montasje Ekornes foto Marius Ekornes 11
TØFF START: Tine Hammernes Leopold har fått ein tøff start som ny Ekornes-sjef. Foto: Marius Rosbach/Ekornes
Nytt

Nye kutt hos Ekornes

Over 70 kan bli permitterte hos møbelprodusenten.

Møbeletterspørselen held seg svak også i fjerde kvartal 2023 skriv Ekornes-konsernet i ei børsmelding.

Det er spesielt i den sentral-europeiske marknaden ordreinngangen krympar og utsiktene ser svake ut for heile første halvår, ifølgje oppdateringa.

Konsernsjef Tine Hammernes Leopold seier konsernet skal permittere inntil 10 prosent av dei tilsette i produksjonen.

Dei som blir permittert får melding om dette i neste veke, eller veka etter. Hammernes Leopold reknar ikkje med at det er snakk om ein varig svikt i marknaden.

- Vi ser på denne utfordringa som ei kortsiktig utfordring, seier ho til NETT NO.

Ikkje overraska
I alt er det 760 fulltidstilsette i produksjonen i Noreg. Med andre ord kan over 70 personar blir omfatta av den mellombelse reduksjonen i talet på tilsette.

Ekornes har produksjon i Sykkylven og på Grodås i Norge, men det er ikkje avgjort kor mange som blir råka dei ulike plassane.

– Ingen har oversikta enno, og vi startar drøftingsmøte med tillitsvalte og organisasjonane på måndag. Deretter blir det snakk om arbeidsplass og namn, seier hovudtillitsvalt Edvard Lie til NETT NO.

Han fortel at avgjerda ikkje kom overraskande på dei tilsette.

– Vi tillitsvalte har vore involvert i diskusjonar sidan før jul. Alle tilsette blir også informert frå dag til dag korleis vi ligg an. Dei veit at når vi ikkje greier å selje nok til å oppretthalde produksjonen, så må noko skje, seier Lie.

Kuttvarsel i starten av året
Også i fjor starta Ekornes året med å varsel nedskjeringar.

Då sende selskapet ut melding om at opptil 150 tilsette måtte gå i produksjonen i Norge. I tillegg skulle støttefunksjonar og administrasjon redusert med opptil 40 årsverk.

I Asia blei opptil 700 råka ved at Ekornes la ned verksemda i Vietnam, og samlarproduksjonen i Thailand.

Møbelfabrikkane fekk ein veldig oppsving under koronapandemien. Men då den ebba ut ebba også boomen i møbelbransjen ut og Ekornes kom med dei første permitteringsvarsla hausten 2022.

Publisert: 05.01.2024 13:27

Sist oppdatert: 10.01.2024 12:08

Mer om