(NPK): Loddeforskar Georg Skaret konkluderer med at det er ein kollaps i loddebestanden etter eit økosystemtokt i Barentshavet.
– Førebels ser vi ingen effektar. Men vi kan ikkje sjå bort frå matmangel for torsken som eit resultat av loddekollapsen, seier Skaret til .
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) kom tysdag til konklusjonen at det skal vere nullfiske av lodde i Barentshavet. Skaret seier han håper kollapsen i loddebestanden no blir kortvarig, spesielt sidan det er ein sjeldan stor torskebestand i Barentshavet som treng mat.
På 1990-talet resulterte loddekollaps i kannibalisme i torskebestanden, medan det under loddekollapsen mellom 2003 og 2008 gjekk smertefritt for torsken.
– Men då var det eit heilt anna nivå på torskebestanden, seier Skaret, som no håper mykje små polartorsk og brukbart med ungsild kan vere redninga. (©NPK)

Publisert: 13.10.2016 20:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44