NPK-NTB: Smitten blant dei eldste blant oss har falle kraftig.
Sjølv om aukande smittetal har ført til ny nedstenging og elevar som blir sende heim frå skulane, har talet på smitta over 80 år gått ned med 81 prosent dei siste fire vekene, skriv Aftenposten.
Det betyr at vaksinasjonen av dei eldste, og innsatsen for å verne dei eldste ser ut til å ha svært stor effekt. Nesten 410.000 personar har fått første dose av koronavaksinen, og 214.000 har fått andre dose, og er no ferdig vaksinerte.
I januar vart over 344 personar over 80 år smitta. Dei siste fire vekene er berre 67 personar over 80 år er smitta i heile Noreg.
I den tredje bølgja frå veke 6 har 11.400 personar fått påvist covid-19. Men eldre over 80 år utgjer berre 0,6 prosent av desse.
Publisert: 11.03.2021 08:14
Sist oppdatert: 11.03.2021 08:17