Kort fortalt

Smitterekord i Ålesund

46 nye registrert siste døgn.

25.11.2021

(NPK-NTB): Det siste døgnet er 46 personar registrerte smitta med korona i Ålesund. Det er det høgaste talet sidan pandemien starta.

Det opplyser Ålesund kommune til Dagbladet torsdag.

Halvparten av dei smitta er vaksinerte. 17 av dei smitta er under 18 år, medan 28 er mellom 18 og 65. Tre personar er innlagde med covid-19 i kommunen.

Kommunane Ålesund og Sula innførte laurdag ei ny lokal koronaforskrift. Det er mellom anna plikt om karantene for dei som bur med ein person som har fått påvist smitte.

– Dei siste vekene har vi hatt svært høge smittetal i Ålesund. Vi ser at vi må gjere tiltak for å hindre overbelastning av helsetenestene våre, og for å hindre smittespreiing fram mot jul, sa ordførar Eva Vinje Aurdal då innføringa vart gjort.

(©NPK)

Publisert: 25.11.2021 15:36

Sist oppdatert: 25.11.2021 15:37

Mer om