Kort fortalt

Smittespreiing i Ørsta og Volda

15 nye smitta denne veka.

28.07.2021

Ørsta og Volda har så langt denne veka registrert til saman 15 nye koronatilfelle. Kommunane meiner utbrotet kom på eit svært dårleg tidspunkt.

Mange av dei smitta er tidleg i 20-åra. Dei smitta har vore på fleire festar og utestaden My kitchen i Volda laurdag kveld, melder NRK.

– Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover. Då kan vi forhåpentleg stanse utbrotet, seier kommunelege Marte Vaage Øie i Ørsta.

Overfor VG karakteriserer Volda-ordførar Sølvi Dimmen situasjonen som alvorleg.

– Dette er den mest alvorlege situasjonen vi har vore i, sånn det ser ut no. Utbrotet kom på verst tenkjelege tidspunkt, seier ho.

Ifølgje avisa har Ørsta kommune denne og neste veke knapt folk til å bemanne teststasjonen og legevakta, og bemanninga er på eit minimum.

– At vi akkurat no får noko eg trur blir eit massivt smitteutbrot, er sjølvsagt svært utfordrande, seier kommunelege Marte Vaage Øie.

Publisert: 28.07.2021 20:47

Sist oppdatert: 28.07.2021 20:48