Kort fortalt

Småkommunar har få høgt utdanna

Ny Menon-rapport.

05.04.2023

(NPK-NTB): Mange små kommunar har problem med å tiltrekkje seg folk med høg utdanning, ifølgje ein ny rapport gjennomført for Akademikerne.

Rapporten er utarbeidd av Menon. Den konkluderer med at mangel på høgt utdannande fagpersonar i kommunane rammar alt frå psykisk sjuke til klima og natur.

– Høgt utdanna er opptekne av å ha arbeidsoppgåver der dei kan bruke faget sitt og at dei er ein del av eit stimulerande og utviklande miljø. Dei fleste søkjer seg til privat sektor i byane, medan kommunar, spesielt dei små, kjem til kort i kampen om kompetansearbeidskraft, seier leiar Lise Lyngsnes Randeberg i Akademikerne.

Menon kjem med fleire forslag til korleis mangelen på fagpersonar i kommunane kan løysast. Blant dei er å vurdere samanslåing eller å etablere uformelle samarbeid, og dessutan å i større grad leggje til rette for karriereutvikling og vidareutdanning.

(©NPK)

Publisert: 05.04.2023 10:48

Sist oppdatert: 05.04.2023 10:50

Mer om