Kort fortalt

Snart klart for elfly

Widerøe vil vere først ute.

09.04.2021

Elfly kan vere på plass for å overta dei korte strekningane i Nord-Noreg allereie på midten av 2020-talet, trur Widerøe.

– Men dei første flya kjem til å vere små, med 9 til 11 sete. Vi ser etter fly som er over 40 sete, og det trur vi kjem i ordinær drift rundt 2030, seier administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen, til NRK.

Også hydrogenfly er eit aktuelt alternativ å setje inn i rutene som Widerøe i dag flyg med Dash-8-fly, som har mellom 39 og 78 sete.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) kallar planane til selskapet spennande. Han trur elfly kan vere løysinga for Distrikts-Noreg.

– Det gir ein heilt annan kollektiv- og klimaprofil enn kva dagens lufttransport har i dag. Og det vil gjere at klimakostnadene blir noko heilt anna, og kan vere med på å forbetre tilbodet nettopp i Distrikts-Noreg, seier han til NRK.

Avinor og Luftfartstilsynet har som ambisjon at all norsk innanriks passasjertrafikk skal skje med elfly eller hybridfly innan 2040.

Publisert: 09.04.2021 08:58

Sist oppdatert: 09.04.2021 08:59