Kort fortalt

Solberg forsvarer vaksinestrategi

– Gevinst for alle delar av landet.

14.05.2021

(NPK-NTB) Statsminister Erna Solberg (H) innrømmer at det var ei vanskeleg vurdering å skeivfordele koronavaksinar til hardt ramma kommunar, men forsvarer planen.

– Vi gjer det fordi vurderinga frå Folkehelseinstituttet, Holden-utvalet og fleire andre er at ein slik strategi gjer at heile Noreg kan opne opp raskare, seier statsministeren på Politisk kvarter på NRK P2 fredag morgon.

Ho meiner det vil gagne heile Noreg at 24 hardt ramma kommunar på det sentrale Austlandet får 60 prosent fleire vaksinar frå midten av juni og utover. Samtidig innrømmer ho at det var ei vanskeleg avgjerd.

– Det var ei vanskeleg vurdering. Spørsmålet var om det var verd å lage bråk, og vi visste det ville bli mykje styr, seier Solberg.

Ho seier òg det ikkje er bestemt kva kommunar som får ekstra vaksinar. Folkehelseinstituttet vurderte at det bør vere 24 kommunar i Oslo og Viken som får dei ekstra dosane, men regjeringa vil gjere si eiga vurdering.

Publisert: 14.05.2021 09:00

Sist oppdatert: 14.05.2021 09:01

Mer om