Solid Frp-måling i Listhaugs heimfylke
Ap går kraftig ned.
(NPK-NTB): Medan Framstegspartiet slit på meiningsmålingane nasjonalt, står partiet sterkt i partileiar Sylvi Listhaugs heimfylke, Møre og Romsdal.
I NRKs ferske måling, som er gjort av Norstat, får Frp 18 prosent av stemmene.
Det er rett nok 0,3 prosentpoeng ned frå førre måling i april, men med ein Ap-nedgang på heile 3,5 prosentpoeng ned til 17,3 prosent, er dermed Frp no det tredje største partiet i fylket.
Med dette resultatet ville Frp Møre og Romsdal fått to plassar på Stortinget.
– Vi har fjerna bompengar for 1.4 milliardar kroner, som innbyggjarane våre har spart. No ser vi at dei andre partia konkurrerer om å få tilbake bompengar. På Sunnmøre blir dei teppebomba med bompengar både gjennom bomringar rundt byen, men også gjennom at dei må betale store delar av Møreaksen, seier Listhaug.
(©NPK)
Publisert: 15.06.2021 07:42
Sist oppdatert: 15.06.2021 07:46