NPK-NTB: I dei tre første månadane i år vart det selt norsk sjømat i utlandet for 27,7 milliardar kroner. Det er ein verdinedgang på 3 prosent frå i fjor.
Likevel er det det nest beste resultatet i historia i eit første kvartal, viser tal frå Noregs sjømatråd. For mars isolert sett eksporterte Noreg sjømat for 10,9 milliardar kroner. Det er ein verdiauke på 13,5 prosent frå samanlikna med mars i fjor.
– Norsk sjømateksport har totalt sett hatt ein solid inngang på 2021. Det kjem først og fremst av at vi har hatt ein sterk auke i eksportverdien i mars, og då særleg for laks. Takka vere eit rekordhøgt volum er lakseeksporten i mars den høgaste som er registrert i ein enkeltmånad, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.
Publisert: 08.04.2021 08:35
Sist oppdatert: 08.04.2021 08:37