Kort fortalt

Solid verdiauke i pelagisk sektor

Fiska for like under 30 milliardar kroner i fjor.

08.01.2025

(NPK-NTB): Norske fiskarar landa fisk for like under 30 milliardar kroner i 2024. Pelagisk sektor enda like under 12 milliardar, det høgaste talet nokosinne.

Pelagisk sektor hadde ein oppgang på 9 prosent i 2024, som er høgast nokosinne, ifølgje Fiskeridirektoratet.

Pelagisk sektor omfattar alt som har med fiske, produksjon og sal av pelagisk fisk å gjere. Dei mest kjende pelagiske fiskeartane er sild, makrell, lodde og brisling.

Totalverdien av landet makrell i 2024 enda på like under 5,4 milliardar, ein auke på 42 prosent frå 2023.

Landa kvantum makrell auka med 17 prosent og prisen hadde ein oppgang på 20 prosent.

Totalt landet norske fiskarar fisk for like under 30 milliardar kroner i 2024, som er ein redusert med 8 prosent samanlikna med i 2023. Spesielt innan torskefiskeria var det ein kraftig reduksjon i kvantum.

(©NPK)

Publisert: 08.01.2025 16:49

Sist oppdatert: 08.01.2025 16:49

Mer om