Kort fortalt

Sommarvarmen skapte taredød

Gjekk mykje ut over sukkertaren.

14.11.2018
NPK: Den uvanleg varme sommaren i år gjekk ikkje berre ut over livet på land. Dei høge temperaturane førte også til omfattande taredød i sjøen.
Sidan april har mellom 20 til 50 prosent av sukkertaren på målestasjonane til Havforskingsinstituttet i Skagerak blitt borte, fortel på eigne nettsider.
- Dette er uvanleg høge tal, seier havforkar Karen Filbee-Dextger.
Ho seier høge sommartemperaturar truleg er den viktigaste enkeltårsaka til taredøden.
Også fleire andre stader i verda med rask havoppvarming har havforskarane sett ei liknande utvikling. No vil forskarane prøva å finna ut kvifor taren får problem med å koma tilbake der han har blitt borte på grunn av høg varme.

(©NPK)


Publisert: 14.11.2018 20:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36