Kort fortalt

Meiner landbruk er versting

Sommerpatruljen er misnøgd.

21.07.2022

(NPK): Landbruket kjem dårleg ut i LOs sommarpatrulje sine undersøkingar.

– Når det gjeld arbeidskontraktar, skil landbruket seg ut som blant dei verste. 15 prosent har mangelfulle eller ikkje kontraktar i det heile, seier Sindre Hornnes, ungdomsrådgjevar i LO til Nationen.

LOs sommarpatrulje har i år vitja nesten 4400 bedrifter for å informere unge om rettar og pliktar i arbeidslivet. Av desse var det om lag 50 gardar og gartneri kringom i landet.

– Arbeidskontraktar er sjølve fundamentet i eit arbeidsforhold, held Hornnes fram.

Tala viser at 11 prosent ikkje får feriepengar, 17 prosent ikkje får vaktlister i tide og 13 prosent får for lite eller ingen pausar. 9 prosent får mangelfull opplæring, og mange får ikkje lønnsslipp.

– På desse punkta ligg landbruk over landsgjennomsnittet. Det er ikkje bra og ein har forbetringspotensial. Dersom ein skal inkludere og rekruttere fleire til landbruket, er det viktig at dei unge får eit godt møte med arbeidslivet, seier ungdomsrådgjevaren.

(©NPK)

Publisert: 21.07.2022 08:16

Sist oppdatert: 21.07.2022 13:52

Mer om