Kort fortalt

Sp-leiarar vil kutte straumeksporten

Vil ta meir kontroll over forsyninga.

26.07.2022
(NPK-NTB): Fleire fylkesleiar i Senterpartiet meiner Noreg må ta meir kontroll over straumforsyninga og redusere krafteksporten i påvente av meir vatn i magasina.

– Vi er for marknadsøkonomien, men han må styrast. Her er det snakk om den norske forsyningstryggleiken, seier leiar Sigrid Simensen Ilsøy i Buskerud Senterparti til Klassekampen.

Avisa har snakka med åtte av sytten fylkesleiarar, og Ilsøy er ein av fleire som sluttar opp om utspelet til partifelle Per Olaf Lundteigen. Han foreslo nyleg å avgrense eksporten så han ikkje er større enn importen. Det vil han halde på med til fyllingsgrada i magasina i Sør-Noreg er på mediannivået.

– Viss det Lundteigen seier er korrekt, og dette er mogleg, så er det rart at verken våre eigne statsrådar eller olje- og energiminister Aasland følgjer opp, seier Per-Asbjørn Andvik, som leier Vestfold Sp.

Også Akershus-leiar Brita Skallerud vil leggje seg på Lundteigens linje. Ho meiner dagens situasjon er prekær.

– Det blir jo sagt at det kan bli rasjonering og straumstans utover hausten og vinteren. Vi som eigentleg er sjølvforsynte, må sørgje for at våre eigne får straum først, seier ho.

Vidar Nedrebø, som leier fylkeslaget i Rogaland, meiner Noreg må sjå på handlingsrommet overfor Europe og komme ut av det han kallar «ei tvangstrøye frå Europa, altså EØS-avtalen».

(©NPK)

Publisert: 26.07.2022 10:01

Sist oppdatert: 26.07.2022 11:11

Mer om