Kort fortalt

Meiner straumeksport kan reduserast

Sp meiner ny EU-lov opnar for mindre straumeksport.

05.04.2022

NPK-NTB: EUs nye krav om eit minstenivå for gasslager bør bety mindre straumeksport til Europa for Noregs del, meiner parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Senterpartiet.

– Vi har ikkje gasslager, men vi har vasskraftmagasin. Då må vi få ta omsyn til forsyningstryggleik når fyllinga i magasina våre er rekordlåg i Sør-Noreg. Det synest eg er eit fornuftig utgangspunkt for ein dialog, seier Arnstad til Nationen.

Innan utgangen av april blir det lagt fram eit lovforslag om at EUs medlemsland skal ha minst 90 prosent fulle gasslager innan 1. oktober i år. Tiltaket skal kutte dei høge straum- og energiprisane og sørgje for nok gass til neste vinter.

Arnstad ønskjer at ein dialog med EU om saka skal munne ut i reelle forhandlingar. Ho meiner forsyningstryggleik kan brukast som argument for å strupe den norske straumeksporten.

– Det er parallelle problemstillingar. Det handlar om å sørgje for forsyningstryggleik gjennom å ha ein lagerkapasitet, seier ho.

Publisert: 05.04.2022 07:53

Sist oppdatert: 05.04.2022 07:56