Kort fortalt

Sp størst for første gong

Høgre kraftig tilbake.

NPK
28.05.2021

(NPK): For første gong er Senterpartiet det største partiet i Møre og Romsdal. Høgre, som var størst i februar, går kraftig tilbake, viser ei fersk måling.

På meiningsmålinga som er utført for Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav, får Sp ein oppslutnad på 21,3 prosent, medan Høgre får 19,5.

For Høgre er det ein tilbakegang på 5,2 prosent samanlikna med den førre målinga i februar. Også Sp går tilbake. Tilbakegangen deira er på 2,7 prosent. Men sidan fallet til Høgre altså er mykje større, er Sp for først gong det største partiet i fylket, forklarer avisa.

Arbeidarpartiet kan på si side gle seg over ein framgang på 3,1 prosent og ein oppslutnad på 19,8 prosent.

Også KrF og Frp går fram. KrF aukar oppslutnaden med 2,4 prosent til 6,2 prosent, medan Frp går fram 1,8 og får eit resultat på 15,4 prosent. Dette betyr ifylgje Sunnmørsposten at Møre og Romsdal er den plassen i landet der Frp står sterkast.

For Raudt, SV, Venstre og MDG er det ifylgje avisa mindre endringar samanlikna med målinga i februar.

Målinga betyr at ifylgje avisa at det framover blir ein svært spennande kamp mellom dei fire største partia om det sjuande og siste direktemandatet.

(©NPK)

Publisert: 28.05.2021 11:58

Sist oppdatert: 31.05.2021 11:35

Mer om