Kort fortalt

Sp-toppar etterlyser klarare klimaprofil

Kjersti Toppe og Per Olaf Lundteigen slår alarm.

NPK
16.02.2021

(NPK-NTB): Kjersti Toppe og Per Olaf Lundteigen slår alarm om Sps klimaprofil og meiner partiet må komme sterkare på banen.

– Ja, eg har vore bekymra fordi eg får mange tilbakemeldingar frå baklandet mitt i Sp på at ein etterlyser ein klarare profil i klima- og miljøpolitikken, seier Senterpartiets parlamentariske nestleiar Kjersti Toppe til NRK.

Senterpartiet har i mange år kjempa for avgiftskutt på bensin og diesel. Og nyleg gjekk partileiar Trygve Slagsvold Vedum mot å forby fossilbilar i delar av Oslo sentrum i såkalla nullutsleppssoner.

– Resultatet er at folk får inntrykk av alt vi er imot, utan at vi har klart å profilere kva vi vil med miljø- og klimapolitikken og kva som er alternativet, seier Toppe.

Også stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen frå Buskerud er bekymra.

– Vi skal tilbake til den skikkelege, grundige, jordnære klorofyllgrøne profilen som vi hadde frå 70-talet. Det er der Sp høyrer heime, seier han.

(©NPK)

Publisert: 16.02.2021 09:58

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:55

Mer om