NPK-NTB: Finansminister Jens Stoltenberg har varsla at han vil ta initiativ til eit skatteforlik i Stortinget. Næringsdrivande har håpa at det kunne opne for at dei raudgrøne partia ville gå med på å fjerne formuesskatten på aksjar, mot at til dømes selskapsskatten blir auka, skreiv Klassekampen førre veke.
Det håpet knuser stortingsrepresentant Geir Pollestad, som leidde Senterpartiets forhandlingar om statsbudsjettet.
– Formuesskatten vil bestå dei neste fire åra, slik han har gjort dei siste tjue åra. Dette valet var ei folkeavstemming om formuesskatt. Dei som er motstandarar av skatten tapte, seier Pollestad til Klassekampen.
Han opnar for justeringar, men ikkje fjerning.
– Med formuesskatten ser vi for oss to ting: å auke botnfrådraget og sjå på regelverket for verdifastsetjing. Det å kalle aksjar for arbeidande kapital, slik Høgre gjer, går vi ikkje med på, seier Pollestad.
Publisert: 16.09.2025 07:28
Sist oppdatert: 16.09.2025 07:28





