Spilka strafo foto spilka 11
NY EIGARAR: Frå venstre: Geir Lervåg, teknisk direktør i Spilka, Johan Strand, dagleg leiar i Strafo og Terje Bøe, administrerande direktør i Spilka Industri. Foto: Spilka
Kort fortalt

Spilka tek over tradisjonsrik bedrift

Frå 1. november vil Spilka Industri ta over drifta i Strafo.

Heilt sidan 1930-talet har Spilka Industri og Strafo samarbeidd. No tek Spilka over drifta av Strafo gjennom ei verksemdoverdraging.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Spilka.

Strafo har levert tenester innan overflateteknologi til Spilka i fleire tiår. Det inngåast også ein langsiktig avtale om leige av avdriftsmidlar og bygg.

– Spilka og Strafo har hatt eit langt og godt samarbeid, og vi er svært glade for at det er nettopp Spilka som no vil vidareføre drifta i Strafo, seier dagleg leiar i Strafo, Johan Strand, i pressemeldinga.

Administrerande direktør i Spilka Industri, Terje Bøe, seier at dette representerer ei mulegheit til å påverka deira strategiske posisjonering.

Spilka Industri blei etablert i 1933, og omsatte for 137 millionar kroner i 2022. Strafo blei etablert i 1929, og hadde eit driftsresultat på kring 7,2 millionar i fjor.

Publisert: 16.10.2023 14:00

Sist oppdatert: 16.10.2023 14:56

Mer om