Kort fortalt

Splitter ny ferje gjekk på grunn

"Huftarøy" grunnstøytte.

13.03.2019
NPK: Éi av dei nye ferjene til Torghatten Nord gjekk på grunn ved Sandvikvåg tysdag kveld.
Det var ferja «Huftarøy» som var borti botnen ved Sandvikvåg i Hordaland. Ferja skulle leggja til kai då uhellet skjedde. Ho blir liggjande i Sandvikvåg til reiarlaget får ho til ein verkstad, skriv .
– Det er for tidleg å konkludera med noka årsak. Men det er utfordrande utanfor Sandvikvåg, fordi det er trongt, seier driftssjef Fredrik Moe i Torghatten Nord til avisa.
Reiarlaget tok over ferjesambandet på E39 i januar og har opplevd ei rekkje forseinkingar og uhell. I byrjinga av mars blei to av tre nye ferjer sett i trafikk etter å ha vore forseinka i fleire månader frå eit verft i Tyrkia.
Torghatten Nord skal etter planen bruka fem ferjer på strekningen og har brukt innleigde ferjer etter nyttår. No håpar reiarlaget at også dei to norskproduserte ferjene «Flatøy» og «Lysøy» straks er på plass.

Publisert: 13.03.2019 15:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35