Spår at arbeidarar blir lønnstaparar
NHO-sjefen varslar lågare lønnsvekst.
(NPK-NTB): NHO-sjef Stein Lier-Hansen varslar at arbeidsfolk kan få lågare lønnsvekst også i 2023.
Ifølgje FriFagbevegelse har NHO-forbundet Norsk Industri gått ut og varsla lønnsvekst på 4,5 i forkant av lønnsforhandlingane.
Årets oppgjer mellom LO og NHO startar måndag 27. mars. Det er uvanleg at NHO-toppar går ut før oppgjeret med konkrete tal for lønnsveksten.
LO seier kravet deira i lønnsoppgjeret er «å sikre lønnstakernes andel av verdiskapinga og økt kjøpekraft gjennom generelle tillegg og heving av overenskomstens satser».
Det kan bety eit krav om lønnsvekst på over 5 prosent, som ikkje er i tråd med signala frå arbeidsgivarsida.
(©NPK)
Publisert: 09.03.2023 13:17
Sist oppdatert: 09.03.2023 13:19