Kort fortalt

Spår fem prosents bustadrente neste år

Høgaste Nibor-nivå på ti år.

26.08.2022
(NPK-NTB): Bustadlånsrenta kan krype opp i 5 prosent til sommaren neste år. Det er rundt 2 prosentpoeng høgare nivå enn i dag.

Tremånadersrenta Nibor, som er avgjerande for rentene bankane tilbyr bustadlånskundar, har stige til det høgaste nivået på meir enn ti år, skriv Dagens Næringsliv.

Nibor med tre månaders løpetid, har denne veka stige til 2,57 prosent – det høgaste nivået sidan 2012. Så seint som i mai låg denne renta på 1,22 prosent, og i fjor sommar var ho nede i 0,19 prosent.

Rentemeklar Thomas Nordvang i Sparebank 1 Nord-Noreg seier pilene i rentemarknaden peikar rett opp, og at marknaden no prisar inn ei rente på 3,93 prosent i mars neste år, før ho bikkar fire prosent på våren. Det betyr, ifølgje Nordvang, ei bustadlånsrente ut til kundane på over 5 prosent.

I dag ligg ei normal bustadlånsrente på rundt 3 prosent, litt avhengig av tryggleik og banksamband.

DNB Markets ventar at Noregs Bank hevar renta med 0,5 prosentpoeng i september, og 0,25 prosentpoeng til både i november og desember. Då vil styringsrenta liggje på 2,75 prosent.

(©NPK)

Publisert: 26.08.2022 11:27

Sist oppdatert: 27.08.2022 10:50

Mer om