Kort fortalt

Spår konkurstal på nivå med fjoråret

4500 selskap i fare for konkurs, ifølgje analyseselskap.

02.04.2024

(NPK-NTB): 4500 bedrifter står i fare for konkurs, ifølgje analyseselskapet Dun & Bradstreet.

– Det står dårlegare til enn det har gjort på lenge, seier administrerande direktør Kari Mette Almskog i analyseselskapet Dun & Bradstreet til E24.

Tala er likevel på same nivå som i fjor, då det var 4517 konkursar, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Det var ein auke på 22 prosent frå året før.

Data- og analyseselskapet lagar kvart kvartal prognosar for konkursrisikoen dei neste tolv månadene. Dei estimerer no at det blir 4588 norske konkursar det neste året.

Det er ei forverring på sju prosent samanlikna med same periode i fjor – og 13 prosent meir enn snittet dei siste tre åra.

Det er bygg- og anleggsbransjen som har flest bedrifter i faresona. Analyseselskapet estimerer at 956 selskap i denne bransjen kan gå konkurs det neste året.

(©NPK)

Publisert: 02.04.2024 13:22

Sist oppdatert: 02.04.2024 13:22

Mer om