Kort fortalt

Spår oljepris på over 240 dollar

Rystad med ny analyse.

09.03.2022
(NPK-NTB): Oljeprisen kan nå 240 dollar fatet i sommar dersom vestlege land rullar ut omfattande sanksjonar mot russisk oljeeksport, meiner analyseselskapet Rystad.

– Volatiliteten i marknaden er på det høgaste nokosinne, og prisane stig raskt på grunn av forventningar om at tilbodet vil bli endå tynnare på grunn av restriktive sanksjonar på russisk energi frå Vesten, skriv leiar for oljemarknad i Rystad, Bjørnar Tonhaugen, i ei nyheitsmelding onsdag.

Han understrekar at dette ikkje er det mest sannsynlege scenarioet, men skriv at oljehandlarar, analytikarar og avgjerdstakarar må førebu seg på kraftig prisauke gitt dagens situasjon.

– Dette er den største energikrisa på tiår, og verknaden det vil ha på den viktigaste råvara i verda, kjem til å bli historisk, skriv Tonhaugen.

Ifølgje Rystad vil det bli eit hol på 4,3 millionar oljefat per dag i marknaden dersom fleire vestlege land følgjer USA og forbyr russisk olje.

– Dette kan ikkje erstattast enkelt av andre kjelder, skriv dei, og viser til at det vil ta tid før auka oljeprisar stimulerer til auka oljeaktivitet og tilsvarande auke i tilbodet.

Dei fryktar at ein kraftig auka oljepris kan føre til at den globale økonomien går inn i resesjon allereie i fjerde kvartal 2022.

(©NPK)

Publisert: 09.03.2022 13:40

Sist oppdatert: 09.03.2022 13:50

Mer om