(NPK-NTB): Det viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette utgjorde 4,9 prosent av arbeidsstyrken.
Frå mai 2014 til august 2015 viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå (SSB) ein gradvis auke i arbeidsløysa. Det siste året har derimot arbeidsløysa heldt seg relativt stabil på 4,6 prosent til 4,7 prosent.
Talet på arbeidsledige auka med 5.000 frå mai til august i år. Dette svarar til ein auke i arbeidsløysa på 0,2 prosentpoeng, og er ei endring som er innanfor feilmarginen.
SSBs tal på arbeidslause er altså bygd på AKU og speglar av kor mange som ser på seg som arbeidsledige. Navs tal på arbeidsløysa er på si side talet på registrerte arbeidsledige hos Nav.
Vanlegvis vil AKU-arbeidsløysa vere større enn Nav-arbeidsløysa, fordi mange som er reelt arbeidsledige, ikkje registrerer seg hos Nav. (©NPK)

Publisert: 27.10.2016 10:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43