Kort fortalt

SSB meiner arbeidsløysa har nådd toppen

Trur på auka bustadbygging og eksport.

15.09.2016
(NPK-NTB): Arbeidsløysa har nådd toppen, men vil berre gå svakt ned dei neste åra, meiner SSB i analysen sin av norsk og internasjonal økonomi.
– Stillstand i andre halvår i fjor er avløyst av svakt aukande vekst i fastlandsøkonomien i år. Redusert fall i oljeinvesteringane i tillegg til auka bustadbygging og eksport kan gi konjunkturoppgang frå tidleg neste år, utan ytterlegare nedgang i renta, konkluderer Statistisk sentralbyrå i analysen som blei presentert torsdag formiddag.
SSB peikar i analysen på at oljeprisen har kome seg opp frå svært låge nivå tidlegare i år, men at dei negative impulsane frå petroleumsverksemda framleis er store.
– Oljeprisfallet starta sommaren 2014 og forsterka nedgangen i investeringane til petroleumsnæringa, ein nedgang som starta alt mot slutten av 2013. Dermed gjekk norsk økonomi inn i ein konjunkturnedgang vi no kanskje ser enden på, skriv SSB.
SSB peikar på at ei svakare krone, rentenedgang til lågare nivå og ein ekspansiv finanspolitikk har motverka effektane av etterspurnadsfallet frå norsk og internasjonal petroleumsverksemd.
– Berekningane våre antydar at arbeidsløysa har nådd toppen, men at den berre vil gå svakt ned dei neste åra.

Publisert: 15.09.2016 11:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44