SSB: Ventar reallønnsvekst i 2024
(NPK-NTB): Auka lønnsemd i delar av industrien gir rom for reallønnsvekst i åra framover, ifølgje SSB. Auka kjøpekraft gjer at norsk økonomi vil vere ute av lågkonjunkturen frå 2026.
– Lønnsemda har auka i delar av industrien, og det gir rom for reallønnsvekst både i år og i åra som kjem, seier forskingsleiar Thomas von Brasch i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.
SSB reknar med at den årlege reallønnsveksten blir rundt 1,5 prosent i gjennomsnitt for åra 2024–2027.
– Etter fleire år utan reallønnsvekst, blir det no betre tider. Den auka kjøpekrafta vil føre til at aktiviteten blir løfta. Norsk økonomi vil vere ute av lågkonjunkturen frå 2026, seier von Brasch.
(©NPK)
Publisert: 15.03.2024 09:24
Sist oppdatert: 15.03.2024 09:24